Hopp til produkt informasjon
1 av 4

Ullinsvin ullfestival

Kurs i ullbroderi 7 Juli -

Kurs i ullbroderi 7 Juli -

Regular price 900,00 NOK
Regular price 900,00 NOK Sale price 900,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter

Kurs i ullbroderi

Kurset er eit heildagskurs.

Broderi er morosamt og avslappande, og ein hobby du kan hygge deg med overalt. Det er og ein viktig tekstil kulturarv og eit uttrykk for fargeglede og kreativitet. Mange drøymer om å brodere eigen bunad, eller brodere til nokon i familien. På dette kurset får du ein smakebit på kva du må kunne og kjenner kor tilfredsstillande det er å få jamne sting og vakre blomar.

På desse åtte timane går vi gjennom ein del av dei stinga du finn på mange av bunadane våre, som plattsaum og sjattering, franske knutar og grunnsaum. Kurslærar tek med materialpakke med påteikan stoff, tråd og nål. Pakka kostar 250,- og betalast til kurslærer. Deltakar tek med saks og broderiramme med diameter på omlag 15 cm.

Kurslærer Barbro Tronhuus Storlien er utfløtt vagver, bunadtilvirker og broderientusiast. I 2019 gav ho ut boka Barbro broderer og ho held mykje kurs innan bunadsaum og ulike formar for broderi. No gler ho seg til å spre broderiglede på Ullinsvin Ullfestival og oppmuntre enda fleire til å ta fatt brderinålane

Barbro har vore styreleiar i Norges Husflidslag sidan 2018, sit i styret for Handverkssdkulen Hjerleid og er særs oppteken av fagopplæring og glede ove rgodt handverk. 

NB! påmeldingsfrist 9.6.2023

Vis mer informasjon

Flere kurs

Mer informasjon om Ullinsvin ullfestival