Ullinsvin Ullfestival
Kurs i Hakking 7 Juli
Kurs i Hakking 7 Juli
Couldn't load pickup availability
Kurs i Hakking
Kurset er eit heildags kurs.
Kurslærar: Bjørg Schultz, Mangesysleriet
KURS-INFORMASJON: Målet med kurset er at deltakarane:
• lærer grunnleggjande hakketeknikk
• lærer mønstervariasjonar, auking og felling på dekorative måtar mm
• lagar eller startar på eit lite plagg
• får kunnskap om materiale og utstyr I løpet av kurset får deltakarane høve til å lære nok til å kunne bruke hakketeknikken vidare på eigahand.
Målet mitt er at deltakarane skal bli i stand til å bruke teknikken på personlege måtar, og leike seg med mønstervariasjonane. Kurset passar for dei som er nye i hakketeknikken, men dei som har litt kunnskap om hakking på førehand vil også lære nye ting i løpet av kurset. Om det blir tid og nokon har lyst, kan vi ta ei lita økt med pjoning til slutt. NØDVENDIG UTSTYR OG VERKTØY KURSLÆRAR TEK MED: Hakkepinnar til salgs eller utlån. Restegarn til prøvelappar. Kompendium med grunnteknikkar og nokre av dei mest vanlege mønstra. KURSDELTAKARAR TEK MED: Hakkepinnar om dykk har. Vi treng hakkepinnar med krok i båe endar. Garn til prøvelappar om dykk hår. Det bør vera ganske fast spunne og ikkje for tynt når ein er nybegynnar. Gode kontrastfarger er lurt. Garn til å starte på eit produkt, til dømes pulsvarmarar, lue eller liknande. Saks, nål, måleband og slikt som husflidsfolk mest alltid har med. Noko å skrive på og med for dei som likar å ta notater. Hakkepinnar kan kjøpast av kurslærar og betalast med Vipps, direkte til konto eller kontantar. Hakkepinnar, sett å 3 stk 4,6 og 8mm kostar 280 kr Ein hakkepinne koster 120 kr. Husflidslagsmedlemar får 10% rabatt. Kurslærar tek også med litt garn for salg om nokon treng.
Om kurslærar Bjørg Schultz: Eg er tekstilhåndverkar, lagar småprodukt i ull frå sauene til naboen. Eg holdt kurs i diverse håndverksteknikkar. Når deltakarane finn gleda ved å eksperimentere med materialer, form og farge blir eg glad. Samtidig er eg oppteken av at det ein legg ned mykje arbeid i skal bli funksjonelt og ha god kvalitet.
NB! påmeldingsfrist 5.7.2023
Villkår
Villkår


Flere kurs
-
Eksempel produkt tittel
Regular price 900,00 NOKRegular priceUnit price per900,00 NOKSale price 900,00 NOK -
Eksempel produkt tittel
Regular price 900,00 NOKRegular priceUnit price per900,00 NOKSale price 900,00 NOK -
Eksempel produkt tittel
Regular price 900,00 NOKRegular priceUnit price per900,00 NOKSale price 900,00 NOK -
Eksempel produkt tittel
Regular price 900,00 NOKRegular priceUnit price per900,00 NOKSale price 900,00 NOK