Hopp til produkt informasjon
1 av 2

Ullinsvin Ullfestival

Kurs i karding og spinning av saueull 8 Juli

Kurs i karding og spinning av saueull 8 Juli

Regular price 900,00 NOK
Regular price Sale price 900,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter

Karde og spinnekurs

Dette er eit heildagskurs

Vi startar kurset med å karde og spinne ull. For dei som ikkje har spunne før, kan det ta tid å bli flink til å spinne. Men dykk vil lære nok til å kunne trene vidare på eigenhand. I løpet av kurset får deltakarane høyre om ulike typer ull og annan fiber, lære om rokken og anna utstyr for spinning, og øve på å spinne på rokk. Det er ingen krav til forkunnskap, det viktigaste er motivasjon og tålmod. Alt vi skal gjera er tidkrevjande.

Materialer: Kurslærarane har med ull.

Utstyr: Om du har eigen rokk og vil øve på den, kan du gjerne ta den med. Men det er rokkar nok til utlån. Ha med eit forkle til bruk når du kardar og spinn. (Ulla kan vera skitten)

Om kurslærar Elin Hestdal Grev: Eg er nå pensjonert tidlegare gardbrukar med sauehald. Det har derfor vore naturleg at eg har arbeidd med ull frå eigen sau, og nytta saueskinn og ull til både glede og nytte. Det er eit godt og beroligande materiale å drive med, enten ein kardar og spinn, syr i skinn, fargar ull eller garn. Eg lærte meg karding, spinning og plantefarging for omlag 40 år sidan, seinare skinnfellsaum for 12 år sidan. Har praktisert kunnskapen meir og mindre gjennom åra. Er aktiv medlem i eit aktivt Vågå husflidslag. 

NB! påmeldingsfrist 9.6.2023

Vis mer informasjon

Flere kurs

Mer informasjon om Ullinsvin ullfestival