Hopp til produkt informasjon
1 av 2

Ullinsvin ullfestival

Kurs i plantefarging 9. juli

Kurs i plantefarging 9. juli

Regular price 900,00 NOK
Regular price 900,00 NOK Sale price 900,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter

Kurs i Plantefarging

Kurset er eit heildagskurs.

Plantefarging er ein gammal teknikk for å farge tekstilar, og fram til siste halvdel av 1800- talet foregjekk all farging av tekstilar med fargar frå naturen. fargestoff kan utvinnas frå ein rekke bladar, blomar, røtter, bark, lav og sopp. Dette gjev ein vakker fargepallet, og i tillegg er det veldig morosamt.. Her kan du lære korleis du kan farge garnet ditt på eigahånd heime, i tillegg er det både bærekraftig og miljøvennleg.

Kurslærarar er Elin Hestdal Grev og Bjørg Schultz

Elin Hestdal Grev kan mykje og mangt innen handverk, deriblant skinnsaum, karding, spinning og noko ho brukar mykje av tida si på om sommaren er å plante farge garn. Elin er og har vore aktiv i husflidslaget i alle år som både handverkar og ikkje minst kurslærar.

Bjørg Schultz 

Er tekstilhandverkar, lagar småprodukt i ull frå sauene til naboen. ho held kurs i diverse handverksteknikkar. Når deltakarane finn gleda ved å eksperimentere med materialer, form og farge blir ho glad. Samtidig er ho oppteken av at det ein legg ned mykje arbeid i skal bli funksjonelt og ha god kvalitet.

NB! påmeldingsfrist 9.6.2023

Vis mer informasjon

Flere kurs

Mer informasjon om Ullinsvin ullfestival