Hopp til produkt informasjon
1 av 2

Ullinsvin Ullfestival

Kurs i plantefarging med Elin Hestdal Grev lørdag 6.7.2024

Kurs i plantefarging med Elin Hestdal Grev lørdag 6.7.2024

Regular price 900,00 NOK
Regular price Sale price 900,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter

Om plantefarging

Det er ein gamal teknikk for å farge ull og tekstiler, og fram til siste halvdel av 1800-talet foregjekk all farging med fargestoff frå naturen.

Om kurset

Kurset startar med litt teori og førebuing av garn og utstyr.

Vi plukkar planter i nærheita av kursstaden i Ullinsvin.

Kurslærar tek også med seg noko plantemateriale slik at det kan bli ulike farger. Gult er vi garantert, litt raudt skal vi få til og nesten heilt sikkert blir det også den gjeve blå farga frå Vaid. Innan kurset er over skal vi ha nokre fine buntar med farga garn.

Det er ingen krav til forkunnskap for å delta; det viktigaste er motivasjon og tålmodigheit. Alt vi skal gjera er tidkrevjande.

Materialer

Deltakarane kan kjøpe garn til farging av kurslærar. Prisen er avhengig av forbruket til kvar enkelt deltakar, men 200 - 300 kroner rekker til mykje. Dei som vil, kan ta med ullgarn av god kvalitet.

Om kurslærar Elin Hestdal Grev

"Eg er nå pensjonert, og har vore tidlegare gardbrukar med sauehald. Det har derfor vore naturleg at eg har arbeidd med ull frå eigen sau, og nytta saueskinn og ull til både glede og nytte. Det er eit godt og beroligande materiell å drive med, enten ein kardar og spinn, syr i skinn, fargar ull eller garn. Eg lærte meg karding, spinning og plantefarging for omlag 40 år sidan, seinare skinnfellsaum for 13 år sidan. Har praktisert kunnskapen meir og mindre gjennom åra. Er aktiv medlem i eit aktivt Vågå husflidslag".

Om hjelpelærarane Ragnhild Tovsrud og Sigrid Seim Lysne

Båe har drivi med plantefarging saman med kurslærar Elin og andre i Vågå som har mykje kunnskap om og erfaring med plantefarging. Sjå også presentasjon under kurset «Innføring i brikkevev» - dei er allsidige husflids-damer😊.

Kurset varer i 8 timer

Vis mer informasjon

Mer informasjon om Ullinsvin ullfestival