Hopp til produkt informasjon
1 av 4

Ullinsvin Ullfestival

Kurs i ullbroderi med Heidi Karsten lørdag 6.7.2024

Kurs i ullbroderi med Heidi Karsten lørdag 6.7.2024

Regular price 900,00 NOK
Regular price Sale price 900,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter

Har du lyst til å brodere bunad til deg sjøl eller nokon andre? Eller anna brodering med ulltråd på
ullstoff? Ullbroderi har lange tradisjonar og blir nytta på både bunadar, andre klede og pynte- og nyttegjenstandar. Her kan du leike med fargar, sting og mønster og lage mykje fint.

Om kurset

På dette kurset skal vi sjå på dei ulike stinga som du må kunne for å brodere ein bunad, men som også kan brukast dersom du vil brodere andre ting. Vi skal lære plattsøm, sjattersøm, stilkesting, franske knutar og gittersøm.

Materiale og utstyr

Deltakarane får utlevert ei materialpakke med påteikna stoff av ull, brodergarn i ull og nål. Du må ta med deg ei lita broderiramme på ca 15 cm, og ei saks.
Materialpakka kostar 300 kr og dette betalast direkte til kurslærar på kursdagen enten med vipps eller kontant.

Om Kurslærer

Heidi Løkken Karsten er frå Vågå og er utdanna bunadtilvirkar. Ho broderar bunadar hovudsakleg frå Gudbrandsdalen og driv ellers mykje med håndsøm av rondastakk og damaskkjol og har også kurs i dette. Heidi har verkstad på Lalm og brenn for formidling av tekstile tradisjonshåndverk.

Kurset varer i 8 timer

Vis mer informasjon

Mer informasjon om Ullinsvin ullfestival